Kåseri: Det papirlause samfunn
september 24th, 2007
Som tidligere nevnt er jeg tilbake på skolebenken igjen, og en del av norsk-faget er å skrive kåseri, og siden jeg ikke har holdt på med nynorsk siden ungdomsskolen tenkte jeg at jeg skulle prøve meg på nynorsken igjen og se om det enda lå i meg. Etter å ha fått den retta av en lærer har jeg nå retta alle skrivefeilene (som det faktisk bare var 5 av :)), og tenkte jeg skulle dele kåseriet med resten av dere.
Oppgaven ga rom for stor frihet:
Skriv ein tekst (essay eller kåseri) til naturteikninga nedanfor.
Og her er resultatet:
Det papirlause samfunn
Eit kåseri om papir.
Når datamaskinane begynte å bli vanleg inventar på kontor, blei vi lovde at samfunnet skulle bli papirlaust - alt skulle lagrast digitalt, bli gjort om til einarar og nullar på datamaskinane. Likevel sit eg her ved skrivebordet mine kor papir flyt overalt, både over, under og på innsida. Eg har så mykje papir liggjande, og fin kontroll har eg også på dei. Papira mine har nemleg berre to kategoriar: Den eine er viktige papir. Papir som eg tek vare på fordi det er ei sannsynligheit, men berre ein liten ein sådan, for at papira har viktig informasjon på seg, som eg kan trengje å vise til byråkratar som styrer med byråkrati-saker i den uendelege papirmøllen som eg forbind med sjølve ordet byråkrati. Kvitteringar, pakksetlar, brev med PIN- og PUK-koder, fakturaer, lønsslippar, brukarmanualar og diverse usortert, alt tek eg vare på, i fall eg skulle trengje det for å få reparert eller byttet inn garantiverna ting og tang som plutseleg ikkje verkar.
Den andre kategorien med papir kallar eg VELDIG viktige papir. Alt som eg heilt garantert må vise fram ein gong i framtida er så viktige at eg ikkje tør å oppbevare dei sjølv. Det oppdraget gir eg til den kjære mor mi som har eit ukjent tal permar merka Stian i store bokstavar. Desse permane innheld bokstavleg talt summen av mitt liv. Fødselsattest, legeattestar, karakterutskrifter frå kvart halve år på ungdomsskolen, vitnemål frå både det eine og det andre vidaregåande kurset, fagbrevet, diplom, og til og med eit ark som kan fortelje at eg er friteken frå militærteneste i krig så vel som i fred.
Alle desse papira som ligg og sleng, i den digitale alderen, i det papirlause samfunnet. Men dette er ingenting, for i tillegg har du papirkonvoluttane som leverer brev skrivne på papir, med papirfrimerke festa på seg. Mellom konvoluttane finn ein reklameavisar laga av papir frå kvar einaste matvarebutikk i nærleiken, ja, faktisk også frå nabobyen.
Ein ting eg har tenkt på ei stund, er faktisk dopapir. Har du nokon gong tenkt over at det er ein heil industri som tenar pengar på å produsere og selje dopapir? Og eg kan ikkje sjå at det finst eit meir perfekt produkt her i verda. Det er billig å lage og kan seljast overalt, og her kjem den beste delen: det kan seljast til alle.
Mange av produkta du finn på hylla i butikken har ofte ein pågåande reklamekampanje, dei fleste av dei retta mot spesielle aldersgrupper. Dopapir er eit produkt som ikkje treng reklame. Einaste reklamen eg kan komme på å ha sett for dopapir er Lambi-reklamane. Sjølv synest eg Lambi er litt for dyrt for rumpa mi.
Vi slutta å tørke oss bak med blad for veldig lenge sida. Det tilhørar fortida vår - no tek alle bruk av dopapir som ei sjølvfølgje. Inntektane frå salet treng ikkje å bli brukt til dyre marknadsføringskampanjar, fordi alle kjøper det uansett. Ikkje er det retta mot nokon spesiell aldersgruppe heller. No har eg ikkje sett statistikken, men eg kan tenkje meg at denne industrien håvar inn millionar av kroner. Tenk deg det, somme er kanskje rike fordi du har eit naturleg behov for å kvitte deg med avføring.
Plantar er noko av det viktigaste vi har her på jorda, ja, om ikkje det viktigaste. Det er tross alt plantane som gir oss, og alle andre levande vesen, oksygen. Men plantar, spesielt trær, står i fare. Skog etter skog har falt for at du og eg og vi to skal kunne tørke oss bak med dopapir, pirke vekk matrestar med tannpirkarar, skrive brev, motta brev, motta reklame - likevel ikkje for dopapir, bevise kva butikk vi har kjøpt ting og tang på, og papir som er livsviktig for å kunne overleve i det papirlause samfunnet sitt byråkrati.
Ein ting som er lett for oss å gløyme er at vi ikkje er aleine her på denne vesle blå planeten. Det er dyr her også, og dyra er avhengig av naturen for å overleve. Dei treng trea. Nokre dyr treng trea meir enn andre; Fuglene for eksempel. Eit stort tal fuglar føretrekkjer å lage reir i trær. Til tross stadige forsøk frå vår side på å sivilisere fuglar ved å gi dei ein heim i ein kasse med eit hol på, festet på eit tre eller på husveggen, fortset dei med å bygge reir i trea. Brødsmular og fuglefrø forsvinn derimot rimeleg kjapt frå desse kassane.
Fuglekassar kallar vi dei, og ordet er foreviga av Solan Gundersen i den norske filmen Flåklypa Grand Prix: ”Dra meg nå baaaklengs inn i fu’lekassa!”
Dersom vi endar opp med å kutte ned alle træra for å oppretthalde samfunnet blir vi snart nøydde til å byggje ein fuglekasse til kvar fugl, forankra i bakken, men med heliumfylte ballongar som held dei i ei viss høgde for å unngå lågtflygande fuglar på kollisjonskurs med ansikta våre. Sannsynligheita er likevel stor for at fuglane først må fylle ut ein søknad, få søknaden kopiert og sendt til fem forskjellige byrå for å få fem forskjellige stempel. Så må det sendast ei offisiell oppgåve til fuglekassebyggjarbyrået og ein offisiell kopi samt ei kvittering til fuglen som snart er heldig eigar av ein splitter ny fuglekasse - i det papirlause samfunnet.
Gi meg gjerne kommentar på hva dere synes om kåseriet, men jeg vil ha meg frabedt en diskusjon om hvorvidt man trenger å lære nynorsk - det får vi ta en annen gang. :)
Relaterte innlegg
Kategorier: Nynorsk | Stikkord:kåseri, miljø, Nynorsk, På hjemmebane, Skriblerier




Hehe bra skrevet, det har vel egentlig aldri vært så mye papir som etter at det papirløse samfunnet ble innført :P
Som jeg sa tidligere Stian: Bra skrevet, og slutten er herlig. :)
Ville vært svært takknemlig dersom du kunne tenke deg å ha en link til vårt nettsted på din blogg.
Takker på forhånd!
Jeg har nå fjernet linkene fra kommentaren din og fjernet “navnet” ditt. Hadde du hatt en side som var verdt å linke til og sendt meg en e-post hadde jeg kanskje vurdert det. Å bare legge igjen en spamkommentar finner jeg utrolig frekt gjort, og du må derfor klatre over mitt livløse lik før jeg overhodet vurderer å linke til siten din. Ha en fortsatt trivelig dag!
ohh. Nå ble jeg nysgjerrig. Hvem var det som skrev den kommentaren?
André, konfidensielt. Jeg gir ikke bort gratis reklame, i hvertfall ikke til frekkaser som det der…
du kan heller lage ei brosjyre av papir å sende han?:)
Så fint kåseri:) Faktisk ikke lest det før nå.
Og strålande nynorsk!